Absurd La Liga-avslutning
-
av kommentator Magnar Kvalvik:
Den siste serierunden i Spania er så absurd spennande at som tilskodar ville eg sendt eit takkebrev til det spanske fotballforbundet. Som kommentator derimot vurderar eg nesten eit klagebrev. Korleis i alle vekas åtte dagar kan ein halde oversikt over alle mulege utfall til helga?
Eg støtte på ein vesentleg utfordring allereie då eg kommenterte Sevilla-Barcelona sist helg. Eg følte eg måtte halde meg oppdatert på kva som skjedde i dei øvrige La Liga-kampane som gjekk samstundes. Sjølvsagt skal ein først og fremst halde fokus på kampen ein kommenterar der og då. Men ettersom Sevilla var avhengige av eit godt Deportivo-resultat mot Mallorca i kampen om fjerdeplassen, og Barcelona eit godt Athletic-resultat på Santiago Bernabeu i kampen om ligatittelen, ville det vere å forsømme si oppgåve om ein ikkje heldt eit auge til øvrige kampar i Spania. Men også med tanke på Barcelona og Real Madrid sine oppgjer i siste runde, mot høvesvis Valladolid og Malaga, var det interessant å vite om nokon av desse anten klatra seg ut av eller sank rett ned på nedrykksplass. Det at begge desse laga har noko å kjempe for i siste runde, kan bli utslagsgjevande i kampen om tittelen.
Og med resultata frå førre runde har Valladolid og Malaga i aller høgste grad noko å kjempe for.
Slik situasjonen er før den 38. serierunden i Spania, verkar det som alle kampar har innverknad på alle av tabellens viktige posisjonar. Det er for så vidt greitt nok i kampen om tittelen. Vinn Barcelona sin kamp er dei meister for andre året på rad. Gjer dei det ikkje går sannsynlegvis gullet til hovudstaden. Men konsekvensen av kven som vinn serien er enorm for laga som møter nettopp tittelkjemparane. Motstandarane kjempar for livet i det som mest kan karakteriserast som ein bisarr kamp mot nedrykk. Valladolid og Malaga er nemleg to av fire (4) lag som har 36 poeng. Berre eitt lag har færre poeng i La Liga, og det er Xerez på 33. Med andre ord har Xerez usannsynleg nok sjansen til å overleve. Dei fem nedste laga på tabellen kan rykke ned. Det er første gong sidan sesongen 90/91 at ingen av dei tre nedste plassane er avgjort før siste serierunde. Og for å gjere dette endå meir komplisert har Spania ein innbyrdesregel som gjer at tidkrevjande utrekningar må til for å avgjere kven som rykker ned om tre eller fleire lag hamnar på same poengsum.
Det blir nemleg danna ein eigen innbyrdes tabell for laga som har like mange poeng. Kampane desse laga imellom avgjer kven som kjem heldigast ut. Av dei fire som no har 36 poeng er det Valladolid som kjem ut på topp. Det gjer dei fordi dei har slege Racing og spelt uavgjort både heime og borte mot både Malaga og Tenerife. Men heisann, dei har tapt ein kamp mot Xerez. Så om Xerez skulle slå Osasuna i siste runde, og dermed bli det femte laget på 36 poeng, vil det slå så negativt ut for Valladolid at dei rykker ned. Dette skjer fordi både Racing og Tenerife har slege Xerez og hentar ”nye” poeng derfrå. Skjønar du? Kollega Petter Veland fortalde meg at berre i nedrykkstriden er det 120 potensielle kombinasjonar før siste runde.
Når eg så kommenterar Barcelona-Valladolid kommande helg, blir det nok å halde styr på. Om modellen eg har skissert over skulle bli utfallet har for øvrig Barcelona vunne tittelen.
Dei tre siste La Liga-sesongane har gitt oss liknande dramatikk i botnen. I fjor måtte Osasuna slå Barcelona på Camp Nou og Real Madrid heime på Reyno de Navarra for å halde seg. Ufatteleg nok gjorde dei det. Det er til inspirasjon for Valladolid og Malaga. Men det nye av året er at ligatittelen altså ikkje er avgjort. Osasuna drog nok nytte av at korkje Barcelona eller Real Madrid hadde noko anna enn æra å spele for i fjorårets to siste rundar.
Ingenting er heller avgjort i kampen om europacupane. Ikkje berre knivar Mallorca (endå ein La Liga-sensasjon for året) og Sevilla om den siste Champions League-plassen. Getafe og Villarreal kjempar om plass i neste års Europa League. Atletico Madrid har ingenting å kjempe for, men kryssar fingrane for at Sevilla kaprar fjerdeplassen slik at hovudstadslaget kvalifiserar seg til Europa League uavhengig om dei tapar eller vinn Copa del Rey-finalen.
Situasjonen i toppen:
Barcelona – 96p
Real Madrid – 95p
Den siste CL-plassen:
Sevilla – 60p
Mallorca – 59p
I botnen:
Valladolid – 36p
Racing Santander – 36p
Malaga – 36p
Tenerife – 36p
Xerez – 33p
Klikk deg inn på CANAL+ Sport sine nettsider og delta i Magnar Kvalviks konkurranse.
Kommentarer
BLAUGRANA.NO modererer kommentarene, men alt innhold er kommentarforfatterens ansvar. Vi oppfordrer til å rapportere upassende kommentarer til oss (via linken i hver kommentar) slik at vi blir gjort oppmerksomme så raskt som mulig.
Skulle ikke forundre meg om Arne Scheie sitter og onanerer til den tabellen der..:P